Tilsette i Boligkompaniet

Kurt Hafstad

Norgeshus Boligkompaniet
Kurt er dagleg leiar i Boligkompaniet, som han starta i 2003 etter fleire år som leiar i Byggmakker Bruland. Bedrifta har bakgrunn frå sal og utføring av flis-, stein- og innreiingsarbeid, og har utvikla seg til å tilby komplette bustadløysingar både innomhus og utomhus. Våren 2024 blei Boligkompaniet forhandlar av Norgeshus, og leverer i dag nye bustader i tillegg til eigne tenester. Med våre dyktige flisleggarar og tømrarar sikrar vi kvalitet og fagkunnskap i alle prosjekt.

Karl Shanks

Karl har har vore tilsett i Boligkompaniet sidan 2008. Karl er utdanna innanfor bygg og anlegg og har mange 45 års erfaring frå byggevarebransjen. Han har bl.a jobba med innredninger på hoteller i England, legging av marmor, montering av kjøkkeninnredning, montering av benkeplater. I Boligkompaniet har han vore med og flislagt over 360 bad. Han har godkjenning innanfor våtromsarbeid.

Anders S. Hafstad

Anders er tømrar med fagbrev frå Øyrane vidaregåande skule. Etter læretid hos Dvergsdal & Sunde tok han fagbrev som snikkar, og sidan 2017 har han vore ein viktig del av Boligkompaniet. Han utfører alt innan renovering og nybygg, og er prosjektansvarleg på arbeid som vert utført i bedrifta. Anders har òg ansvaret for oppfølging av prosjekt i Norgeshus-konseptet.

Wojieck Mierzwa

Wojtek har vore tilsett i Boligkompaniet sidan 2012 og er utdanna murar frå Polen. Han og familien har vore busette i Noreg sidan same år. Wojtek arbeider hovudsakleg med flislegging og våtromsarbeid, og har òg fleire års erfaring som målar. Han er kjent for nøyaktig utføring og leverer alltid arbeid av høg kvalitet.

Stian Urheim

Stian Urheim vart tilsett i deltidsstilling hos Norgeshus Boligkompaniet. Han har lang erfaring innan tømraryrket, og arbeidde fleire år som sjølvstendig næringsdrivande før han byrja hos oss. Stian har òg bakgrunn frå Dvergsdal & Sunde, der han arbeidde som kjøkkenmontør. Med brei erfaring frå både nybygg, renovering og montering bidreg han med solid fagkunnskap i prosjekta våre.

Tomislaw Ivicek

Tomislaw Ivicek har vore tilsett i Boligkompaniet sidan 2021 og er utdanna snekker frå Kroatia. Han har vore busett i Norge sidan 2016 og har tidlegare arbeidd med tømrarfirma som har oppført einebustader og blokkleiligheter.
Videre er han spesialisert på finsnekring og er dermed nøyaktig i alt arbeid han utfører. I tillegg til dette har han også vore kjøkkenmontør.

David Tocalic

David Tokalic vart tilsett hausten 2025 og styrkjer laget i Norgeshus Boligkompaniet. Han har erfaring frå puss av mur og maling, og skal hos oss arbeide med både flis- og målararbeid. Med David på laget kan vi tilby endå fleire tenester og stå fram som ein komplett leverandør innan handverk for bustadmarknaden.

Tore Gjøringbø

Tore Gjøringbø vart tilsett sommaren 2025 for å styrkje tømrarsida i Norgeshus Boligkompaniet. Han fekk fagbrev som tømrar i 2024 og er allereie eit verdifullt tilskot i prosjekta våre. Med ny kunnskap, pågangsmot og godt handverk bidreg Tore til å møte den aukande etterspurnaden etter våre tenester.

Oliver Thomassen

Oliver Thomassen startar som lærling i tømrarfaget hos Norgeshus Boligkompaniet hausten 2025. Det er stort behov for å utdanne fleire tømrarar, og vi har difor inngått avtale med Byggmesterforbundet om å ta inn lærlingar. Oliver får ei sentral rolle i denne satsinga, og vi vil gjere vårt beste for at han skal få ei trygg og lærerik opplæring som legg grunnlaget for ein framtidig karriere i byggfaget.